Den fyrste song
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta
Danse mi vise
Blåmann
Fola, fola Blakken
Jeg lagde meg sa silde
Løft ditt hode



Den fyrste song (Kråkeviks Songbok)

Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga;
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunne gråten stogga.

Dei sulla meg så underleg,
så stilt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.

Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvilla;
der stend en engel, smilar blidt,
som berre ei kan smila.

Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som allting heilar.
nahoru

 
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta (Kråkeviks Songbok) 

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta;
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra i saman ute
under dei lauvtunge tre.

Då skal vi vandra i saman ute,
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta
som kruser med dogg vårt hår.

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng,
men vandra i lag under bleikblå himlen
til fuglane lyfter veng.

Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera saman
like til morgon gry. 
nahoru

 
Danse mi vise (Kråkeviks Songbok) 

Vinden blæs synna,
og vinden blæs norda,
lyset og skuggen
er syskjen på jorda.
Sommarn er stutt,
og vintern er lang.
Danse mi vise,
gråte min sang.

Innunder yta
glir molmørke årer.
Blåveisen blømer
i gråbleke vårer.
Livstrua bryt gjønnom
tela og tvang.
Danse mi vise,
gråte min sang.

Friarar har vi om vona er lita.
Nynn om a Berit,
så for du a Brita.
Drom på din sten
at du sit på et fang.
Danse mi vise,
gråte min sang.

Somme er fattige
somme er rike.
Bare tel slut
er vi jamsi's og like.
Vegen er lystig,
og vegen er vrang.
Danse mi vise,
gråte min sang.
nahoru

 
Blåmann (Kråkeviks Songbok) 

Blåmann, Blåmann bukken min,
tenk på vesle guten din!
Bjønnen med sin lodne feld,
kan deg taka seint i kveld.

Gamle Lykle moder di,
seint kom heim med bjølla si.
So ikring seg ho mund' sjå,
liksom der var fare pa.

Det såg ut som der var naud,
kanskje no du ligger daud.
Tidt du dansa kringom meg,
mangt eg rødde då med deg.

Når eg låg som blind og dauv,
grov du på meg med di klauv;
ja, du ville vekkja meg
op til leiken din med deg.

Du var sprek og glad og god,
all mi ros du vel forstod.
Tidt du veit eg sa til deg:
"Han veit meir enn mata seg."

Blåmann, Blåmann, svar meg no,
mekra med ditt kjende ljod!
Ikkje enno, Blåmann min,
må du døy frå guten din.
nahoru

 
 


 
nahoru

 
 


nahoru

 
 


nahoru